Torsdag 5. mars kl. 1700 blir det “Musikk i suppa” på Haugesund billedgalleri.
Fra beskrivelsen av arrangementet:
Velkomne til ei musikalsk kunstsuppe heilt utanom det vanlege.
Me er glade for å få presentere musikar Christian Welde.
Christian Welde (1969-) er ein norsk komponist, produsent og artist frå Kopervik.
Med ein karriere som starta på slutten av 1990-tallet skaper han stemningsfull, cinematisk musikk som spenner frå ambient og elektronika til jazz-inspirerte klanglandskap.
Han har gitt ut ei rekke album og singler, og samarbeida med internasjonale artistar – blant anna vokalisten Durga McBroom (kjent fra Pink Floyd) på albumet Illuminate.
Welde har og komponert musikk for kortfilmar og jobber frå sitt eige studio i Kopervik.
Christian er i samtale med kunstformidlar Mona Elin Motsfeldt Aarø, og
deler refleksjonar om inspirasjon, kreativitet og lyd.
Han tar og med seg ein synthesizer og improviserer fram ambiente lydlandskap.
Me serverer deilig suppe frå Lothes mat og vinhus.
Inngang kr. 100,- pr. person for medlemmer i kunstforeningen. 150 kr pr.person for andre (inklusiv suppe og kunstnerpresentasjon). Elever på musikklinja på Skeisvang har gratis adgang.
Betal på Vipps til Haugesund kunstforening: Vipps #501296
Arr. Haugesund kunstforening i samarbeid med Lothes Mat, vinhus og Lytteklubben og Haugalandmuseet.
Arrangementet er støtta av Rogaland fylkeskommune sitt regionale fond for kultur.